3 gode lokasjonar for fotografering i Bergen


Har du starta jakta etter lokasjonar? Eller treng du berre litt inspirasjon? Scroll vidare!



Så var eg kommen til Bergen igjen, byen der eg gjennomførte mitt første bryllaupsoppdrag.
Tonje og Øystein hadde sett føre seg eit bryllaup i Hyllestad, men då det ikkje lot seg gjera i år blei alternativet bryllaupsfest i Bergen. 

Me starta dagen i Arborete, eit område med blant anna Noregs største rosesamling. Eit eldorado for fotografar! Område gir stor variasjon og mange friske flotte fargar!
Etter vigsla på tinghuset (som er eit fantastisk lokal) sat me kursen mot kanskje Bergens mest fotograferte område nemleg musikkpaviljongen – dette er også eit gunstig område å bruke om ein skulle møte på nokre regnbyger. På vegen til musikkpaviljongen gjekk me forbi ein mørkebrun husvegg, og eg fekk spontant ein idé om å stoppe brudefølge for å bruke denne enkle men stilige veggen som ein bakgrunn. Eg tykkjer resultatet blei kjempebra og det viser også at ein ikke nødvendigvis må ha fantastisk utsikt for å skape fine bileter.
Før middag og fest på Hotel Norge (som er verdt eit besøk i seg sjølv), gjekk turen til Gamlehaugen. Dette er kongens residens når han er i byen, og det med god grunn. Flott allé, fint utarbeide hage og ikkje minst eit kjempemessig bygg.

For ein fin dag dette blei! Tusen takk Tonje og Øystein for at eg fekk væra med! 

0 kommentarar
Comment

Your email is never published or shared. Required fields are marked *