3 Lokasjonar for bryllaupsbileter i Bergen


Har du starta jakta etter lokasjonar for dine bryllaupsbileter i Bergen? Eller treng du berre litt inspirasjon til ditt bryllaup? Scroll vidare!


Så var eg i Bergen igjen, byen der eg gjennomførte mitt første bryllaupsoppdrag. Tonje og Øystein hadde planlagt eit bryllaup i Hyllestad, men då det ikkje lot seg gjera i år blei alternativet ein bryllaupsfest i Bergen.


3 gode lokasjonar for dine bryllaupsbileter

Arborete

Me starta dagen i Arborete, eit område der me blant anna finn Noregs største rosesamling. Eit eldorado for fotografar! Området gir stor variasjon og mange friske flotte fargar! Vidare tok me turen til tinghuset for sjølve vigsla, eit fantastisk lokal i seg sjølv!

Musikkpaviljongen

Etter vigsla sat me kursen mot kanskje Bergens mest fotograferte område, nemleg musikkpaviljongen, dette er forøvrig også eit gunstig område å bruka om me skulle få litt regn. Gatene i Bergen er lokasjoner i seg sjølv, og på vegen til musikkpaviljongen gjekk me forbi ein murvegg, og eg fekk ein spontan idé om å stoppe brudefølge for å bruke denne enkle men stilige veggen som eit bakgrunnsteppe. Eg tykkjer resultatet blei kjempebra, og det viser også at ein ikkje nødvendigvis må ha fantastisk utsikt for å skape flotte bileter.

Gamlehaugen

Før middag og fest på Hotel Norge (som er verdt eit besøk i seg selv), tok me turen til Gamlehaugen. Dette er kongens residens når han er i byen, og det med god grunn. Flott allé, fint utarbeida hage og ikkje minst et kjempemessig bygg.
Dette var 3 lokasjoner i Bergen som eg håpar du kan bli inspirert av til ditt bryllaup!

For ein fin dag dette blei! Tusen takk Tonje og Øystein for at eg fekk vera med! 


Planlegg du bryllaup? Sjå gjerne kva eg tilbyr ved å klikke her!

0 kommentarar
Comment

Your email is never published or shared. Required fields are marked *

    MEDLEM AV BLIKKFANGERNE.NO
    PROFESJONELLE BRYLLUPSFOTOGRAFER I NORGE