Så var me der.
Rachel, Olav og ein fotograf som mild sagt var supergira! Lyset var magisk, hausten var i anmarsj og man kunne sjå alle dei fine fargane som pryda landskapet. Eg hadde aldri trudd at fotograferinga skulle ta meg med på slike eventyr når eg starta opp for nokre år tilbake, men så var eg då plutselig der i Yosemite(!).
Dei fleste bileta som eg viser i denne posten er augeblikk som i liten grad kan planleggast, dei berre skjer.
Dette er ein av grunnane for at eg stadig blir begeistra og fascinert over det å kunne fotografere menneskjer. Ekte glede, wow!
Rachel og Olav – eg set utruleg stor pris på dykk, og eg gler meg veldig til bryllupet dykkar neste år!
Herlighet, for noen fine bilder! Du er en mester på å fange lyset! :-)
Tusen takk Kristin!
Så kjekt å høyre det frå ein så dyktig fotograf! :)