GODE ORD

Janne & Hallvard

Me brukte Endre som fotograf under heile dagen. Med sitt gode humør og eigen evne til å holde praten gåande, var det avslappande og enkelt å bli fotografert gjennom dagen. Det var ein fest å bruka han som fotograf. Vi var altså svært fornøgd med jobben han gjorde under sjølve dagen. Bileta vi fekk i etterkant var vi til og med enda meir fornøgd med. Det er først og fremst mange bilder, i tillegg er dei av god kvalitet, slik vi hadde ønska oss! Endre er god til å fange opp ulike augeblikk av oss som brudepar, men og gjestene i bryllupet. Det er gode minner å sjå tilbake på. Servicen var eller upåklageleg. Vi vil anbefale Endre som fotograf på det varmaste!

 

Nora & Anders

Endre var med oss heile bryllaupsdagen vår, frå før anletet vart måla og til etter kaka vart sprett. Me møtte Endre i førekant av bryllaupet og fekk umiddelbart eit positivt og godt inntrykk. Han var profesjonell, lett å snakka med og svært samarbeidsvilig. Store delar av dagen for han som ein skugge rundt både oss og gjestane være, for å fanga dei verkelege augneblikka. Noko han i høgste grad lukkast med. Me har no ein rekke bilete frå dagen som me er blitt veldig glade i, og som framleis kan få fram ei tåre i autnekroken. Om du ynsjer ein fotograf som kan fanga dei rette augneblikka, gi dedeg følelsa av tryggleik gjennom dagen, samstundes som han yter topp service og kvalitet; då veljer du Endre!

Ingvild & Øyvind

Me kjende at me var i trygge hender frå det fyrste møtet vårt med Endre. Han er roleg, fokusert og svært opptatt av å gi kundane det dei ynskjer. Endre er ein dyktig, kreativ og dedikert fotograf.
Han var med oss heile dagen og gjekk ikkje glipp av eit einaste augeblikk! Bryllaupsdagen vår vart dokumentert på ein varm og personleg måte, og me fekk teke alle dei bileta me ville utan noko stress. Den rolege men effektive måten Endre jobbar på smitta over på oss slik at me klarte å vere oss sjølv heile dagen, dette ser me igjen på bileta i etterkant. Lidenskapen Endre har til handtverket, viser seg tydeleg i alle ledd!