Om fotografen

Eg heiter Endre Hilleren og er ein bryllaupsfotograf frå Sogndal. Med ein oppvekst på gard langt framme i Sogndalsdalen, var det ikkje sjølvsagt at det var fotograf eg skulle bli.

På min første store utenlandstur hadde eg bestemt meg for å investere i eit fotoapparat, litt fordi eg hadde fått sansen for ordentlige fotoapparat (kanskje den største grunnen?;), men også fordi eg tenkte det var ein fin måte å ta vare på minna eg kom til å oppleve.

 

Lite visste eg at det valget skulle få så store føringar for livet mitt og mine prioriteringar. Eg vart heilt oppslukt i fotografering, og det har vel knapt gått ein dag sidan dess at eg ikkje har tenkt på fotografering i ei eller anna form.

 

Fotografering gir meg så mykje på så mange forskjellige områder i livet, det gir meg ein glede i å skape noko, det gir meg ein glede i det at eg stadig vekk legg merke til nye motiv, men ikkje minst alle nye menneskja eg får bli kjent med.

Det krevde ein del mot, mykje indre motivasjon og mange gode støttespelarar - i dag så kallar eg meg stolt for bryllaupsfotograf!

 

Send meg gjerne ein e-post, sei hei på Instagram,
ring meg - you name it!


Ser fram til å høyre frå deg! :)

 

 

 

Kontaktinformasjon:

Tlf: 99 46 98 16
E-post: post@hillerenfoto.no
Instagram: @endrehilleren
Org.nr: 998 816 556 MVA

Tenester

Medlem av Blikkfangerne.no

PROFESJONELLE BRYLLUPSFOTOGRAFER I NORGE