Hadde det vore kjekt med eit bilete som
ikkje alle andre har på sin stovevegg?
Her viser eg fram nokre av bileta mine som er til sals.

Er det andre bileter du har sett på sida mi som kunne ha vore av interesse så ta kontakt.


Digital fil:
850,- inkl.mva.

 

 

 

 

 

Fotoutstyr

 

Kamerahus:

Mange eg kjenner har kjøpt gode fotoapparat, men ender opp med å la det stå igjen heime. Dette eine og aleine fordi det blir for ”dragsete”, lite praktisk, redd for å øydelegge det.. Det beste fotoapparatet er det som du faktisk tek med deg. Har du først bestemt deg for å kjøpe eit speilrefleks, så er det etterkvart mykje og velge imellom og ein kan fort bli forvirra. Dei digitale speilreflekskamera er generelt veldig gode, så skal du kjøpe fotoapparat for første gang vil du komme langt med eit kamerahus i 4 – 5 tusen kroners segmentet. Sjølv hadde eg stor glede av eit Canon 450D som var mitt første kamerahus. Det gikk over 2 år før eg opplevde at det byrja å sette begrensningar for min kreativitet, som då førte til at eg valgte å innvestere i eit dyrare kamerahus som ga meg større spelerom.

 

Objektiv:

Når det kjem til objektiv er det og mykje å velge i. Objektiva som ofte følgjer med i ein pakkeløysning er ikkje så mykje å skryte av. Som oftast er ein meir teneleg med eit skikkeleg objektiv, framfor oppgradering av sjølve kamerahuset.
Vidare vil eg først og fremst anbefale å gå til innkjøp av fastopptikk. Hovudgrunnen til dette er at fastopptikk er generelt skarpare enn zoomoptikk, samt at dei har kjappare autofokus, og den viktigaste av dei alle er at dei er mykje meir lyssterke. At eit objektiv er lyssterkt betyr at du kan ta bileter i langt mørkare omgivelsar utan å måtte væra avhengig av blitz eller andre eksterne lyskilder. Lyssterke objektiv med store blenderåpningar gir meg og anledning til å leika meir med liten dybdeskarpheit. Sjølvsagt er det mange andre aspekt ein kan ta med, men sjølv tenkjer eg at dette er dei viktigaste.

 

Så kva har eg i fotobaggen?

Canon 5D MK III

Canon 5D MK II

Canon EF 24mm F.1,4 L MK II

Canon EF 50mm F.1,2 L MK II

Canon EF 85mm F.1,2 L MK II

Canon Speedlite 580 EX 2

Ukjent antall batteri og minnekort (Veldig kjedelig om det er minnekort og batterikapasitet som skal sette begrensningar)

 

Til etterbehandling av bileter:

iMac 21″

Adobe Lightroom 4

Adobe Photoshop CS4

–       Totally Rad (Action sets til Photoshop)

 

 

 

0 kommentarar
Comment

Your email is never published or shared. Required fields are marked *

    Bestillingsskjema

    Form submitted successfully, thank you.Error submitting form, please try again.