KRISTINE & NIKLAS – BRYLLAUP I SOGNDAL

I dag har eg gleda å dele nokre bileter frå bryllaupet til Kristine og Niklas. Eg møtte Kristine og Niklas til ein kjærestefotografering før bryllaupet.
Dette er noko som eg anbefalar til alle mine brudepar, fordi det er ein kjempefin måte å bli betre kjent på
– og ein får bileter som kan brukast til blant anna bryllaupsinvitasjonar.Vigsla var i Stedje Kyrkje, i Sogndal (veldig kjekt å fotografere på heimebane!).
Etter ein flott sermoni der blant anna Kristine blei ført inn i kyrkja til tonane av Coldplay sin Everglow (magisk!),
reiste me til Leikanger for å ta bileter på Egga. Nydeleg utsikt og bonden var veldig hyggeleg som lot oss fotografera på innmarka hans. Takk!
Ein takk må og rettast til Emely som var med som second shooter denne dagen, brudeparet fekk såleis ekstra mange bileter å velge imellom.

Kristine og Niklas: Tusen takk for at de ville ha med meg som bryllaupsfotograf. De er så flotte saman!  

0 kommentarar
Comment

Your email is never published or shared. Required fields are marked *