Lite eller stort bryllaup? Slik gjer ein det i Ulsteinvik

Årets første bryllaupsfotografering starta for min del i Møre og Romsdal, nærare bestemt Ulsteinvik!

Hausten er i anmarsj og bloggsesongen er for alvor i gang igjen for min del! Framleis er det fleire bryllaup igjen før eg kan sjå tilbake på ein sesong som i løpet av kort tid blei totalt forvandla. Mitt første bryllaupsoppdrag denne sesongen tok meg til Ulsteinvik! For eit område!! Eg merka fort at det var kjekt å komme attende til Møre og Romsdal. Naturen og ikkje minst kystlinja med alle sine flotte fiskebåtar er verkeleg noko for seg sjølv. Når eg tenkjer meg om så trur eg forøvrig at eg kunne ha reist hit eins ærend berre for å fotografert fiskebåtar, men det er ein anna historie.

Kristin og Kim Tore hadde gjort ein kjempeinnsats med å få klargjort alt, og med god hjelp frå familie og venner blei dette ein flott og minnerik dag! For ein gjeng! Då dei bestemte seg for å gjennomføre bryllaupet stilte foreldra til Kristin med huset på Bigset som selskapslokal! Vurderar du eit lite bryllaup kan ei slik løysing anbefalast! Ikkje berre kan du slappe ekstra godt av då ein er på kjente trakter, du gir samstundes ei gåvepakke til fotografen du har med deg som får høve til å ta heilt unike bileter.

Det er mange fine fotolokasjonar i området, og me endte opp med å reise til Kvitneset på Brandal, vidare til Flø og opp til Brørevatnet. Sistnemnte er dekt av myrull (iallefall i juni), eit eldorado for bryllaupsfotografar!

Tusen takk Kristin og Kim-Tore for at de valgte å ha meg med som fotograf på dykkars dag!

0 kommentarar
Comment

Your email is never published or shared. Required fields are marked *