Feb 6, 2019

Maria & Ole Øyvind – bryllaup i Sogndal

Når eg tenkjer meg om har eg mykje å væra takknemleg for og mykje å sjå fram til. Veldig glad og takknemleg for alle som brukte meg som fotograf i året som var (2018) og utruleg glad for alle som har booka meg i året som kjem! Her er eit lite glimt frå bryllupsdagen til Maria og Ole Øyvind! Ekstra kjekt for meg var at bryllaupet skulle væra i Sogndal, min heimplass!
Eg trur fleire som bur i Sogndal kan kjenne seg igjen i at ein kan sjå seg litt blind på den flotte naturen og landskapet som ein er omgitt av, men eg fekk verkeleg sett Sogndal frå nye sider denne dagen! Igjen, takknemleg!

Tusen takk Maria og Ole Øyvind for at de var så positive innstilte til tross for skiftande vær og bratte bakkar! De er så fine ilag!

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *