Ann Helen & Stephen – bryllaup i Luster

For ein dag og for ei ramme som var på Ann Helen og Stephen sitt bryllaup! Vigsla i Dale kyrkje, ei kyrkje med utruleg mange flotte detaljar, fotografering på Mollandsmarki og feiring på Tørvis Hotell i Marifjøra. Som om det ikkje var nok, så var det oppå det heile eit krunebryllaup!
Tusen takk Ann Helen og Stephen for ein minnerik dag!

“Vi gifta oss 11. august 2018 med Endre på slep for å dokumentere ein intens og vill dag! Det er ingen av oss som er særleg glade i å bli tatt bilete av og vi føler oss ofte litt sjenerte og keitete med eit kamera i nærleiken. Men vi merka med ein gong vi traff Endre at det ville gå bra å ha han med. Roleg, interessert og alltid med auge for eit godt motiv fulgte han oss heile dagen, frå kakepyningt til busstur med alle gjestene og ein tur i Mollandsmarki for å ta bilete med den fantastiske utsikta. Vi følte oss raskt avslappa rundt Endre og var trygge på arbeidet hans. Slik fekk vi massevis av stemningsfulle og nydelege bilete av både gjester, brudepar og omgjevnadane. Alt vi ynskte oss. Aller best likar vi bileta der vi ikkje visste at Endre observerte og knipsa.”

 

0 kommentarar
Comment

Your email is never published or shared. Required fields are marked *