Bryllaupsfotografering til nye høgder

I blant får eg førespurnader litt utover det vanlege, dette er ein av dei. På seinsommeren fekk eg på anbefaling av fotograf Jan Ivar Vik (tusen takk!!), ein e-post frå Monica og Kim som kunne fortelje meg om nokre veldig artige bryllaupsplanar.

Monica har familie frå Luster noko som førte til at kommunen blei eit naturleg utgangspunkt for bryllaupet dei planla, men det som gjorde det heile så ekstraordinært var at dei ville ta vigsla høgt til fjells.
Så plutseleg sat eg der i eit helikopteret med retning Grånosi, fjelltoppen som Monica og Kim hadde valgt seg ut for anledninga.
Alter og kyrkjegolv som eg er godt vand med vart denne dagen skifta ut med fjell- og fjordutsikt. Været er ein generelt veldig oppteken av når det kjem til bryllaup, og det vart jo eit ekstra spennande moment denne dagen.
Litt skiftande vær sat verken noko stoppar for vigsla eller fotograferinga, og igjen fekk eg erfare at det meste går så lenge ein er innstilt på det. Etter ein fin seanse på fjellet sat brudefølget kursen mot Tørvis hotell der eg takka for meg. Eg kjenner meg privilegert som fekk vera med på ein slik dag og det er framleis litt surrealistisk å tenkje attende på dette.

Tusen takk Monica og Kim for at eg fekk væra med som fotograf, og ikkje minst fordi at de våga å tenkje utanfor dei normale rammene! :D

Ps. Vurderar du Tørvis som ditt festlokale i anledning bryllaup? Sjå gjerne fleire bileter frå sist gong eg var der:
https://www.hillerenfoto.no/ann-helen-stephen-bryllaup-i-luster/

0 kommentarar
Comment

Your email is never published or shared. Required fields are marked *